Norges Tour Førde 2010, 23-24 Juli
Førde Volleyball Klubb ynskjer deltakarar , publikum og sponsorar velkomen til Norges Tour 2010 i Førde. Konkurransedagar er fredag 23 juli og laurdag 24 juli. Kampane vert spela på tre sentrumsbaner med hovudarenaen ved Pikant på sørsida av Jølstra. Bane 2 og 3 ligg ved Rica Sunnfjord Hotell og Handelshuset. Det er gangavstand mellom banene. Laga har sjølv ansvaret med vere dommarar, sjå til at banene er raka, og rapportere resultatet.
Informasjon om hotell, kart og andre relevante opplysningar fiinn du på i menyen til venstre under "Junior NM sandvolleyball 2010" . Same informasjon gjeld såvel Norges Tour som junior NM.
Etter ei veke med striregn vågar vi å garanteere sol frå skyfri himmel over Norgestouren og vi ynskje alle velkommen til Førde!
Seeding og kampoppsett vert lagt ut på torsdag 22. Juli. Utan endringar i deltakarlista vil premiefordelinga sjå slik ut:
Menn(60%): Kvinner(40%):
1. Plass 6450 kr 4300 kr
2. Plass 3600 kr 2400 kr
3. Plass 2250 kr 1500 kr
4. Plass 1350 kr 900 kr
5. Plass 675 kr 450 kr x 2
Volleyballens vener samlast
Kl. 19:00 på laurdags kvelden, etter turneringa, samlast spelarar, gamle heltar, støtteapparat og ellers medlemmer av volleyballfamilien til volleyballfest på Pikant (ved bana). Her nyter vi ein vaksen grilltallerken til kr. 100,- og drikke til personalprisar.